Moderne boreoperasjonar støttast av breibandsoppkopling mellom land og sjø, sanntids datamodellar og i aukande grad automatisering. Integreringa av forskjellige datasystem forbetrast gradvis, men det er framleis ein lang veg å gå i samspelet mellom menneske og maskin. Dette fører til at boraren blir overbelasta med informasjon, feil kan bli gjort og samarbeidet med andre lider under dette. I senteret har det blitt utvikla nye matematiske metodar for oppdaging av anomaliar, ei tidleg varsling av uønskte hendingar i boreoperasjonen. Her vert det gjeve tilrådingar for korleis desse og andre metodar best kan implementerast i organisasjonen, slik at feil oppdagast tidleg og samarbeidet glir lettare.
Pågåande aktivitetar inkluderar algoritmar som kan lette integrasjonen mellom datasystem og menneske, tidleg varsling av boreproblem og forbetra erfaringsutveksling. Prosjektet ser både på korleis nye teknologiar som wired drill pipe, også kalla networked drill string kan utnyttast og på samspelet mellom den tekniske og organisasjonsmessige sida av ein boreoperasjon. Dårlig datakvalitet, som er eit stort problem for boreautomatisering, er eit typisk eksempel på eit problem som ikkje berre kan løysast teknisk, men må studerast med både tekniske og menneskelege innfallsvinklar.
Relevant informasjon
IO - Center for Integrated Operations in the Petroleum Industry