Hyppig vekslande energi etterspørsel som resultat av større del uregulerbar kraft har medført framveksten av ulike energi marknadar. Dette opnar fleire mulegheiter for vasskraftbransjen til auka inntekter. Auka regulerbarheit og gode tilsigsprognoser reduserer risikoen for produsentane når dei byr inn sin produksjon inn i desse marknadane. Feil tilsigsprognoser medfører i verste fall at produsenten må kjøpe dyr kraft i marknaden for å dekke opp sine forpliktingar.
Gjennom dei ti siste åra har bransjen utvikla tilsigs modellar som i større grad og betre enn før kan ta i bruk informasjon som har stor innverknad på tilsiget. I komande prosjekt for vasskraftbransjen vil ein stor del av fokuset vere å finne korleis denne informasjonen best kan utnyttast for å redusere produsentane sin risiko.
Sjølv om nedbør og temperatur observasjonar og prognoser totalt sett er den viktigaste informasjonen til tilsigsmodellane utgjer snøsmeltinga i dei fleste tilsigsfelt i Norden over 50% av tilsiget gjennom ein sesong. Snøsmeltinga vert styrt av energibalansen og stråling utgjer ein vesentleg del av denne. Effekten av å bruke informasjon om stråling i rekning av snøsmelting er dokumentert (Bruland et al., 2001), men generelt dårleg tilgang på strålingsdata har medført at stråling ikkje er fokusert på, med fordelte modellar vil denne informasjonen få stor verdi og kan vere avgjerande for usikkerheita i ei tilsigsprognose og dermed risikoen i marknadsageringa.
Informasjon om stråling er etterkvart blitt tilgjengeleg gjennom fleire kjelder som direkte observasjonar, frå satellittbilde og frå meteorologi modellar. Men det finst ikkje tilgjengeleg for bransjen ein god metodikk for å assimilere og legge til rette denne informasjonen for deira tilsigsmodellar. Dette prosjektet søkjer å løyse denne utfordringa og på den måten gje redusert risiko for feilprognoserte snøsmelteepisodar.
Prosjektet utviklar ei ny teneste. Denne tenesta tek i bruk informasjon om stråling på ein ny måte og vil utvikle metodar for å legge til rette og utnytte denne informasjonen hjå vasskraftprodusentane.
Dette er et IPN-prosjekt (Innovasjonsprosjekt i næringslivet) som er delfinansiert fra Forskningsrådet.