Om lag 60 % av CO2-utsleppa i verda kjem frå forbrenning i energi- og insdustrisektorane. For å dempe klimaendringar og underbygge ambisiøse mål for reduserte CO2-utslepp i eit samfunn dominert av fossile brensel, må ein snarleg iverksetje fangst og lagring av karbon (CCS). Fleire ulike tekniske løysingar er tenkte ut og utvikla for å fange CO2 frå avgassar frå forbrenning.
Ei av desse, kalla oksy-brensel forbrenning, bygger på at ein brenn brenselet med oksygen i staden for luft. Dette gjev ein avgass med høg konsentrasjon av CO2, og då vert fangsten mindre energikrevjande. Slik forbrenning er vanskelegare å få til og er mindre utprøvd og dokumentert enn den vanlege med luft.
Prosjektet OxyFUN siktar mot å forstå dei fysiske og kjemiske detaljane ved oksy-brensel forbrenning slik det vil gå føre seg i gassturbiner for kraftproduksjon fyrt med naturgass. Ei særleg interessant side ved slike maskiner er at forbrenninga skjer ved høgt trykk.
Studien, i samarbeid med NTNU og CORIA - Normandie Université (Frankrike) vil bruke forsøksutstyr for høge trykk (HIPROX) og gjere målingar med avanserte laser-teknikkar inne i flammene (1 postdoc). Numeriske simuleringar vert nytta for å etterlikne detaljane i forbrenninga (1 PhD). Betre forståing av desse samansette fenomena, saman med validering av dei matematiske verktya, vil helpe til utvikling av meir effektive brennarar med lågare utslepp.