Kommunen sitt samarbeid med SINTEF vil omfatta både kommunen som organisasjon og tenesteytar, og som sentral aktør innan nærings- og samfunnsutvikling.
Partnarskapet bidrar til å dekka følgjande behov:
- Kommunen sin trong for forskingsbasert kunnskap og kompetanse til innovasjon og utvikling av kommunen heilskapleg og av tenestene som kommunen yter til befolkning og samfunn.
- Kommunen sin trong for å bidra med forskingsbasert kunnskap og kompetanse for å styrka næringslivet innan prioriterte område.
- Kommunen sitt ønskje om å styrka regionen som ein attraktiv stad for næringsliv og busetnad.
- Kommunen og det lokale næringsliv sin trong for å få tilgang til eit kompetent nettverk for realisering av prosjekt.
- SINTEF sin trong for at forskingsverksemda som SINTEF driv skal vera retta mot behova og vera relevante for ei heilskapleg og berekraftig utvikling av samfunn og næringsliv lokalt og regionalt.
- SINTEF sin trong for å utvikla tenlege modellar for korleis utdannings-, forskings- og utviklingsmiljø betre og meir effektivt skal samskapa med lokalt næringsliv, kommunen og andre relevante aktørar.
- SINTEF sin trong for å utvikla vidare eigen kunnskap om kommunal verksemd.
- Felles initiativ og deltaking i forsking der kommunen får dekt framtidige behov for deltaking i forskingsprosjekt, åleine eller saman med andre kommunar.
- Felles deltaking i større prosjekt og satsing regionalt, nasjonalt og internasjonalt, spesielt EUprosjekt, ved at partane saman kan styrka posisjonen for å vinna slike prosjekt.