Sammendrag
Møre og Romsdal står i dag i eit varsla og aukande kraftunderskot. Mangel på fornybar kraft i regionen kan i løpet av få år bli ei stor utfordring for både eksisterande kraftkrevande eksportindustri og ny industri under etablering.
Utan eit krafttak for å auke produksjon av ny fornybar energi i vår region, står konkurransekrafta for våre leiande industrinæringar i fare for å bli svekka. Dette kan igjen føre til tap av verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten. I det Skaparkraft-finansierte prosjektet Krafttak Nordvest har ei breitt samansett prosjektgruppe beståande av Doxacom, SINTEF, Havkraft, Glocal Green, iKuben, Ocean Network og Salt Lofoten avdekka mulegheitsrommet for etablering av storskala havenergi utanfor Mørekysten.
Prosjektet har funne at Nordvestlandet er godt rusta til å ta del i utbygging av havenergi primært gjennom flytande havvind, med bølgeenergi, flytande sol og alternative energiberarar som komplementære tilskot. Regionen har eit sterkt og kompetent næringsliv som kan lede an i ei slik utvikling.