Paviljongen er bygd til Trondheim MakerFaire og har fått namnet «PrintShell». Han er laga av 160 trestavar - alle unike - som er festa saman av 61 3D-printa knutepunkt, også dei unike. Trestavane varierer berre i lengda, medan knutepunkta viser ein unik kombinasjon av vinklar som presist føl forma til skalet. På fagspråk kallast PrintShell ein «triangulert fri-form skalkonstruksjon» som kombinerer 3D-printing og arkitektur.
Hurtig og rasjonell produksjon
- Me har designa knutepunkt som er både lette og sterke, og deira innovative individuelle design tilet ein enkel monteringsprosess, fortel John Haddal Mork frå forskargruppa Konseptuell konstruksjonsdesign.
Bruken av 3D-printing teknologi gjør at kvart knutepunkt kan bli hurtig produsert på ein rasjonell måte. PrintShell er parametrisk designa og produsert, noko som gjer at det same designet og dei same produksjonsprinsippa enkelt kan tilpassast kva som helst geometrisk form som består av noder og stavar.
Designa i Trondheim - printa i Gjøvik
Knutepunkta er produsert ved NTNU, på Additive Manufacturing laboratorium (Addlab), som heldt til i Gjøvik. Dei er produsert i eit nylonmateriale som både er sterkt og fleksibelt. Designforskninga er gjort av to arkitektar og ein sivilingeniør frå gruppa Konseptuell konstruksjonsdesign ved NTNU i Trondheim. Prosjektet markerer starten på ei spennande forskning på potensialet til 3D-printing i konstruksjonar og arkitektur.
Om «Konseptuell konstruksjonsdesign»
Forskargruppa er eit samarbeid mellom Institutt for konstruksjonsteknikk ved NTNU, Institutt for byggekunst, historie og teknologi ved NTNU og SINTEF Byggforsk. Gruppa undersøkjer rommet mellom ingeniørvitskap og arkitektur.
Om Addlab:
NTNU Addlab er det største forskningslaboratoriet i Noreg for additiv produksjon, ei utvikling av det vi til dagleg kallar 3D-printing. Addlab held til i Gjøvik og arbeider med både metall- og polymerprinting.