I Øygarden kommune vest for Bergen har dei innført ein ny samhandlingsmodell for omsorgstenester til eldre heimebuande.
Modellen har fått namnet Sjef i eige liv og inneber nye formar for partnarskap mellom kommunale, private og frivillige aktørar.
Eit eksempel kan vere trimtilbod på eit privat treningssenter for eldre med demensdiagnose, der kommunen står for transport, og frivillige bidreg som instruktørar.
Målet med satsinga er at innbyggjarane skal leve mest mogleg sjølvstendige liv også når dei blir gamle og får behov for hjelp.
– Den tradisjonelle modellen har vore at offentlege, private og frivillige tilbyr tenester kvar for seg. Vi har gått eit skritt lenger og involverer private og frivillige i heilskapleg planlegging og gjennomføring av helse- og trivselsfremmande tiltak for eldre i kommunen, seier Janne Mo, rådgivar og prosjektleiar i Øygarden kommune.
Etter planen skal kommunen samle alle trådane i eit døgnope aksjonssenter som opnar dørene i 2021.
– Aksjonssenteret skal koordinere og informere om alle relevante tenester til heimebuande seniorar i kommunen. Senteret skal bli eit nav for eldreomsorga, og kommunen tar ansvaret for å samordne eit varig og strukturert samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar, seier Mo.
Systematisk måling av ny samhandlingsmodell
Forebels har det vore forska lite på føresetnadene for eit vellukka samspel mellom offentlege, private og frivillige krefter i eldreomsorga.
I samarbeid med Øygarden kommune har forskarar frå Sintef no utvikla nye verktøy og eit felles system for å måle kvaliteten på tenestene dei eldre får gjennom den nye samhandlingsmodellen.
Tenestene kan dreie seg om alt frå nødvendig helsehjelp og fysioterapi til trimtreff, transporttenester og litterær kafé på det lokale biblioteket.
Ein av målemetodane som blir brukt, er spørjeskjema med emojiar, der det er svært enkelt å gi uttrykk for kor nøgd eller misnøgd ein er med ei teneste.
– Kommunar som har eit tett samspel med private og frivillige aktørar i eldreomsorga, treng gode metodar for å finne ut kor tilfredse både samarbeidspartnarane og brukarane er.
– Enkle spørjeskjema er del av ein systematisk metodikk for utvikling og evaluering av helsetenester og aktivitetstilbod for eldre, seier Lone Sletbakk Ramstad, forskingsleiar hos Sintef.
Målingane må fange opp mange ulike kvalitetar
Forskarane har sett på både kva ein skal måle og korleis ein skal måle for å kvalitetssikre teneste- og aktivitetstilbodet til dei eldre.
Dei har også studert korleis ein best legg til rette for god samhandling mellom kommune, private leverandørar og frivillige hjelparar.
– Vi ser at det blant anna er nødvendig med klare rutinar for kommunikasjon mellom kommunen og dei som står bak eit tilbod. Private og frivillige aktørar må oppleve kort veg når det oppstår utfordringar.
– Og så er det ikkje minst viktig med gode rutinar for systematisk forbetringsarbeid, seier forskingsleiaren.
Enkle spørjeskjema som dette kan fange opp informasjon som er viktig for å måle kvaliteten på mellom anna aktivitetstilbod til «seniorinnbyggjarar». (Illustrasjon: Sintef / Øygarden kommune)
Eldre vil helst bu heime
Bakgrunnen for forskinga, som har vore støtta av Regionalt forskingsfond Vestland, er eldrebølgja som slår inn over norske kommunebudsjett. I Øygarden er det for eksempel venta ei tredobling i aldersgruppa 80 pluss fram mot 2040.
Undersøkingar kommunen sjølv har gjort blant gamle, svært gamle og snart gamle innbyggjarar, viser at dei aller fleste vil halde fram med å bu heime.
– Det gjaldt også om dei skulle bli alvorleg sjuke og pleietrengande, men det var nokre klare føresetnader. Det måtte vere helsehjelp tilgjengeleg ved behov, og kommunen måtte leggje til rette for eit variert tilbod som bidrog til aktivitet, tryggleik og trivsel i kvardagen, seier Mo.
Ho understrekar at det er eit klart mål for kommunen at kvaliteten på tenestene og nye behov som oppstår, skal styre utviklinga av nye tenester.
Kva skal vi ta vare på?
Samarbeidet med Sintef har resultert i ei handbok for «framtidas helse- og velferdstenester», samtidig som kommunen utviklar nye aktivitetstilbod for eldre.
Tilboda er ei blanding av betalings- og gratistenester, skapt i samarbeid mellom privat, frivillig og kommunal sektor.
– Vi i kommunen deltek i utarbeiding av informasjon og marknadsfører tilboda på nettsidene til kommunen. Framover vil vi også ha ansvar for å gje støtte til måling og evaluering av tilboda, seier Mo.
Resultata frå målingane skal brukast til å utvikle, forbetre og om nødvendig også avvikle tenester som ikkje fungerer. Då er det ein føresetnad at ulike tenester blir målt langs same mal.
Faste senterdagar og treningsdagar for eldre
Blant tiltaka som har slått rot, er eit handle- og kulturtilbod for seniorar kvar torsdag på det lokale kjøpesenteret.
– Her samarbeider frivillige og bedrifter med kommunen og senterleiaren om å tilby noko for kvar ein smak. Det kan vere handlehjelp, bowling, bingo, datakurs, litterær lunsj på biblioteket, demenskafé eller mannekengoppvisning, fortel Mo.
I tråd med anbefalingane frå forskarane måler kommunen responsen på tilbodet jamleg. Tal frå både 2018 og 2019 viser at sentertorsdagen har treft godt i målgruppa.
Kvar veke er det også aktivitetar for eldre på det største idrettsanlegget i kommunen. Alt frå badminton og boksing til balansetrening og aktuelle foredrag blir organisert av frivillige med kommunen som støttespelar. 350 seniorar er faste brukarar.
– Personar med demenssjukdom får tilbod om trening på eit privat treningssenter. Personlege trenarar har fått relevant opplæring, og frivillige deltar som instruktørar. Treningstilbodet er veldig populært i ei gruppe med behov for spesialtilpassa aktivitetar, seier Mo, som meiner vi her ser eit godt eksempel på det som blir kalla samansette tenester:
– Kommunen organiserer transport til og frå, og etter treninga et dei eit godt måltid saman, ofte på kantina på eit kommunalt bu- og servicesenter i nærleiken.
Vil ha døgnope «aksjonssenter» for eldre
I 2021 tar Øygarden kommune etter planen samhandlingsmodellen eitt skritt vidare med etablering av det nemnde aksjonssenteret.
Lone Sletbakk Ramstad håpar senteret blir ein realitet. Ho meiner samhandlingsmodellen i Øygarden representerer noko nytt i norsk samanheng.
– Modellen deira bygger på at kommunen skal ha ei særskilt rolle som katalysator for tenestetilbodet. Det stiller store krav til samhandling og kommunikasjon. Leiing, utvikling av tilsette og forbetringskultur er viktig for å lukkast i utvikling av ein slik modell. Evalueringar vil vere nyttige for å sikre god kvalitet og gi vidare retning i utvikling av tenestetilbodet, seier ho.
Artikkelen ble publisert på forskning.no 29. desember 2020 og gjengis her med tillatelse.
Les mer om prosjektet Sjef i eige liv her.