Til hovedinnhold
Norsk English

Kommunar bør ha oversikt over korleis dei førebygger mot ekstremvêr

Flaum
Me er nøydde til å lære av vêrhendingane som råkar oss, for ein ting er sikkert: det kjem meir, skriv innleggsforfattarane. Illustrasjonsfoto: Shutterstock
Kommunar flest driv med klimatilpassing litt her og litt der, men få har oversikt over alt som blir gjort. God koordinering av dette arbeidet er avgjerande for å sikre lokalsamfunna våre mot store skadar frå neste uvêr.

Av Marta Karoline Jansen, Synnøve Støverud Beitnes og Halvor Dannevig (Vestlandsforsking), Hanne Kvitsand og Lars Arne Bø (Sintef) 

Sist veke sette ekstremvêret «Ingunn» ny noregsrekord i vind. Langs store delar av norskekysten flaug tak, naust og lause gjenstandar gjennom lufta. I haust var det «Hans» med kraftig nedbør, flaum og uventa jordskred som ble ei skilsettande erfaring for folk og lokalsamfunn i Sør-Noreg.

Me er nøydde til å lære av vêrhendingane som råkar oss, for ein ting er sikkert: det kjem meir. Forskinga er klar på at det blir blautare, villare og samstundes tørrare og varmare, men ofte til «feil» tid på året. Kor stor skade ekstremvêret gjer, heng saman med korleis me bygger og bur.

Om planleggarar og politikarar ikkje tek dette innover seg gjennom lokal samfunnsplanlegging, vil samfunnet gå glipp av eit viktig handlingsrom til å unngå store samfunnskostnader.

Det er kommunane som sit med nøkkelen til klimatilpassing gjennom samfunnsplanlegginga, og dette arbeidet vedkjem alle etatar. Difor er det òg nødvendig at kommunane skaffar seg oversikt over kva som er spesielt sårbart, kva tiltak dei har sett i verk og kva som står att.

Gjennom to studiar har Vestlandsforsking og SINTEF kartlagt 14 vestlandskommunar sitt arbeid med klimatilpassing på plannivå. Både når det gjeld kunnskap og tidsbruk er det store sprik mellom kommunane. Enkelte har komme langt i å vurdera klimarisiko og veit kva tiltak dei bør gjennomføra, mens andre både er usikre på kva dei bør gjera og korleis.

Nokre kommunar er heller ikkje heilt klar over at dei driv med klimatilpassing kvar dag: Det kan vere enkle ting som å legga større avløpsrøyr, unngå hyttefelt i myr eller skjerpa rutinane for å reinska grøfter og stikkrenner. I dag finst det ikkje noko system for å rapportera kva ein gjer av slike tiltak, og kommunane held ikkje nødvendigvis oversikt over sin eigen innsats.

Kva får ein kommune att for det, viss dei faktisk skaffar seg oversikt? God klimatilpassing betyr tett samarbeid på tvers av fag og etatar. Ved å halda oversikt kan kommunen både måla framgang, evaluera innsatsen sin og gjera justeringar.

Arbeidet kan gjerast meir effektivt og ein vil lettare kunna avdekka område som treng tiltak eller gjennomføra tiltak som krev at ulike etatar i kommunen snakkar saman. Effektiv klimatilpassing reduserer ikkje berre naturfare, det bidreg òg til å redda liv.

I samarbeid med kommunar har me utvikla ein metode som gjer det enklare å følgja med på den samla førebyggingsinnsatsen i ein enkeltkommune. For at metoden faktisk skal bli brukt, er han så enkel og relevant som mogleg. Difor startar kommunen med punkta der skoen trykker mest. Med utgangspunkt kjend klimarisiko, fører dei tilsette opp tiltak som førebygger mot skade.

Ein oppdagar fort kor det står att blanke felt når det gjeld kunnskap og handling. Metoden skil mellom kortsiktig risiko, som flaum, overvatn, skred og stormflo, og langsiktig risiko, som havnivåstiging, dårleg vasskvalitet eller tap av biologisk mangfald og sårbare naturtypar.

Tiltaka følgjer logikken i planlegging: kommunen vurderer sårbarheit og analyserer risiko, og tek funna med inn i planar i form av tiltak som ein gjennomfører ute i det fysiske miljøet.

Ikkje overraskande finn me at fokuset i hovudsak ligg på kortsiktige klimarisikoar. Svært mange av tiltaka er retta mot overvasshandtering og leiing av vatn på ville vegar. Her bør ein ta naturen til hjelp heller enn å fylla avløpssystem med flaumvatn.

Kommunar har gjort ein del tiltak for å motverka flaumskadar og rasfare, som å planlegga for høgare vassføring i eit blautare klima, heva bruer og bygga vollar. Fokuset bevegar seg mot vern og å unngå areal med naturfare framfor å bygga seg inn i farefulle soner.

Fleire av kommunane er i gang med å prøva ut løysingar der naturen får bidra, som å opna bekker som har vore lukka i tronge røyr eller å ta vare på terreng som kan dempa flaum- eller skredfare. Me ser likevel mest av dei tekniske tiltaka, som skredvollar, sjøbarrierar og bygging på pålar.

Når det gjeld langsiktige risikoar har kommunane gjennomført færre tiltak. Dei fleste tek rett nok høgde for framtidig havnivå. Mange har òg mål om naturbaserte løysingar som på lang sikt kan bidra til å motverka tap av verdifull natur, slik som myr og skog som toler overfløyming.

Større fokus på dei langsiktige risikoane kan gjera at kommunane får til meir heilskapleg klimatilpassing, samstundes som lokalsamfunna får eit dytt i meir berekraftig retning.

«Lær av regnet, min venn – det er alltid en dråpe igjen», heiter det i ein av songane til Ole Paus. Strofa treff godt når det gjeld samfunnet si tilpassing til klimaendringar. Klimatilpassing kostar nokre kroner no, men ein vil få det att mangedobbelt om ein ventar for lenge.

Denne kronikken vart først publisert i Nationen 7. februar 2024,  og vert gjengitt her med løyve.

Utforsk fagområdene

Kontaktpersoner