Til hovedinnhold
Norsk English

Vil vindauga våre halde regnet ute i framtida?

Testing av vindauge
Testing av vindauge i testkammeret til Sintef og NTNU i Trondheim – til venstre frå inne i kammeret. Foto: Sintef
Vi treng vindauge for dagslys og utsyn. 20 år med testing viser forbetringar, men regntettheit er framleis ei utfordring i norsk klima.

Vindauge er viktige element i bygningar, sidan dei slepp inn dagslys og gir utsyn. Men dei kan vere sårbare med tanke på varmetap, luftlekkasjar, regntettheit og bestandigheit. 

– I norsk klima med kraftig slagregn, er regntettheit heilt avgjerande. Erfaring frå 20 år med laboratorieprøving viser at vindauga har blitt betre, men at hjørna er ei vedvarande utfordring, fortel forskingsleiar Lars Gullbrekken i Sintef. 

Vi har ein lang og stolt tradisjon med produksjon av vindauge av tre i Noreg. Den nasjonale produksjonen er relativt stor, men samstundes importerer vi mange vindauge, også i andre materialar enn tre, blant anna frå Danmark, Estland, Latvia, Litauen, Polen og Sverige. 

– Uansett produksjonsstad må vindauga tole norsk klima for å kunne brukast her. Eit klima i endring med meir regn gir større påkjenning på bygningar generelt og vindauge spesielt. Derfor må vi ha ei god forståing av kor klimarobuste vindauga er, seier Gullbrekken. 

To tiår med testing

Sintef har i mange tiår testa vindauge som del av Norsk dør- og vinduskontroll (NDVK). Dette er ei frivillig godkjenningsordning for produsentar av vindauge og ytterdører.

Sjølve testinga blir utført etter standardane NS-EN 1026 (lufttettheit) og NS-EN 1027 (regntettheit), medan klassifiseringa blir gjort i samsvar med NS-EN 12207 og NS-EN 12208. 

Regntestinga blir gjennomført i Sintef sitt slagregn-skap, der vindauget blir spraya med vatn frå ei dyserekke med trinnvis auka overtrykk mot utsida av vindauget. Regntettheita blir klassifisert etter det høgaste lasttrinnet (overtrykk) der vindauget motstår lekkasje. 

– Under norske forhold ynskjer vi at vindauga skal vere regntette til og med 600 Pa, fortel professor Tore Kvande ved NTNU, som også har vore med på studien. 

Som del av forskingsprosjekta Klima 2050 og Verktøykasse for klimatilpasning av boliger, har erfaringar frå  Sintef si testing av luft- og regntettheit frå perioden 2001 til 2022 blitt samanfatta. Samanfattinga er gjort som ein del av sommarjobben til masterstudent Therese Gransjøen. Totalt er det gjennomført 1130 testar i løpet av perioden.

Typiske lekkasjepunkt for vindauge og belastningsnivå (oppgitt i Pa) der dei oppstår. Talet i parentes angir kor mange testar/vindauge som har lekkasje. Illustrasjonen er basert på original av Therese Gransjøen

Topphengsla vindauge er taparen

Den generelle trenden er at luft- og regntettheita til vindauga har blitt betre med åra.

– Det er fleire vindauge som tilfredsstiller anbefalinga vår på 600 Pa no i dag enn for 20 år sidan, men treforbindelsane i hjørna er framleis ei utfordring, konstaterer Kvande. 

Feil i hjørneforbindelsane  på ramme og karm er den vanlegaste årsaka til lekkasjar, etterfølgt av vatn som trenger gjennom hjørna  mellom ramme og karm. 

Gjennomgangen viser at enkelte hengslingstypar er klart betre enn andre. Vippe- og dreievindauge er dei beste, og topphengsla vindauge dårlegast. Det er også ein klar trend at svært regntette vindauge har lågare luftgjennomgang, og at vindauge med fleire rammer oftare gir lekkasjar.

– Det siste skuldast at vindauge med fleire rammer har større fugelengde enn vindauge med berre ei ramme, forklarar Gullbrekken. 

For vindauge som kan opnast, gir bruk av slepelister langs kantane eit betydeleg positivt bidrag til regntettheita. Ei slik list gir ein ekstra barriere og reduserer mengda vatn som kjem inn i fuga mellom karm og ramme. Å redusere klaringa mellom karm og ramme i opningane ser derimot ikkje ut til å gi betre tettheit. 

– Vi håpar lærdomen frå erfaringane våre vil vere nyttig når framtidige vindauge skal utviklast. Med meir slagregn enn tidlegare, er det viktig at dei er vêrbestandige, seier Gullbrekken. 

Referanse:

Lars Gullbrekken, Therese Gransjøen, Erlend Andenæs, Berit Time og Tore Kvande: Rain resistance of windows – Lessons learned from two decades of laboratory testing

Prosjektinformasjon

Prosjektnavn:

Klima 2050

Prosjektstart:

13.04.2015

Kontaktperson:

Berit Time

Kontaktperson