Grenfell Tower katastrofen i London i juni i 2017 er eit tragisk eksempel på kor viktig kombinasjonen av ulike materialar i ytterveggar er for spreiing av brann i ei fasade. 72 personar mista livet i brannen som fekk spreie seg frå ei leilegheit i femte etasje ut til fasaden, vidare oppover fasaden og rundt bygget til alle fire fasadane. Undersøkingar i etterkant av ulykka viser at kombinasjonen av isolasjon, ventilert holrom og kledning på fasaden var svært uheldig. Det fanst ikkje dokumentasjon på branneigenskapen til kombinasjonen av aluminiumskompositt-kledning på PIR-isolasjon, berre for produkta kvar for seg eller i andre kombinasjonar.
Dette seier byggereglane
Rettleiinga til byggeforskrifta TEK17 gir preaksepterte ytingar for overflater og materialar for bruk i bygningar fordi dei kan ha stor innverknad på brannutviklinga og røykproduksjonen, og dermed påverke rømmings- og redningsforholda i bygget. Bygningar i høge risikoklasser eller med mange etasjar må difor ha overflater, kledningar og vindsperrer med høgare branneigenskapar enn bygningar i lågare risikoklasser eller færre etasjar.
Det må vere lett å finne og tyde informasjon om branneigenskapar. Leverandørar og produsentar av byggevarer har ansvar for å merke produkta med kva bruk dei er godkjende for. Dei som prosjekterer og bygger, har ansvar for å sikre at materialane har dei rette eigenskapane og vert brukt riktig.
Men, diverre er det ikkje alltid enkelt å finne ut av kva branntesting av materialar og komponentar eigentleg tyder, og "branntrygge" materialar kan bli marknadsført og brukt på feil grunnlag.
Klassifiseringa gjeld for den kombinasjonen som er prøvd
Byggematerialar skal vere testa og merka med branneigenskapar dersom det er relevant for produktet. Euroklassar for overflater og materialar sine eigenskapar ved brannpåverking er definerte i NS-EN 13501-1. Standarden beskriv kriterium for dei ulike klassene og kva for prøvemetodar som skal nyttast.
Det mange av dei som prosjekterer og bygger, ikkje veit, er at klassifiseringa som hovudregel berre gjeld for den kombinasjonen av materialar som er testa, altså produktet på eit bestemt underlag. Overflater og materialar som inngår i ein konstruksjon, bør difor som oftast testast i den kombinasjonen dei skal brukast, med blant anna underlag og eventuelt holrom. Oftast gir det liten verdi å prøve kvar enkelt komponent for seg.
Vindsperre testa utan vegg
Fleire vindsperrer vert marknadsførte med at dei har gode branneigenskapar – men kan vi stole på testresultata?
Til dømes: Testar ein ei vindsperre åleine, vil klassifiseringa ho oppnår, berre gjelde dersom ho vert montert mot luft. Men i Noreg er det vanleg byggeskikk å montere vindsperra rett på veggen. Det kan gi vindsperra heilt andre branneigenskapar enn om ho står mot eit holrom.
Vindsperra vil ikkje nødvendigvis oppnå same klasse om ho vart testa på det underlaget ho oftast monterast på, ein trestendervegg med mineralull eller på gips. Det som ligg bak vindsperra i testen, kan altså påverke kva for klasse vindsperra oppnår.
Til dømes vil kanskje brennbar isolasjon gi vindsperra dårlegare branneigenskapar enn om ho er montert på gips eller mineralull.
Eit anna døme er prøving av overflatematerialar som kledningsplater, maling og tapet. Om ei maling er testa på gipsplate, gjeld klassifiseringa for tilsvarande bruk, altså på plater med same densitet og branneigenskap som gipsplata brukt i testen.
Vert malinga derimot testa på eit brennbart underlag, til dømes ei treplate, kan ein oppnå eit dårlegare resultat, men klassifiseringa kan då gjelde for bruk på andre trebaserte produkt og i tillegg for bruk på gipsplate (som ikkje er brennbar).
Testlaboratoria tolkar reglane ulikt
Når produsentane drar til laboratoriet for å teste, bør dei kunne rekne med at laboratoriet kjenner reglane. Diverre er det ikkje alltid tilfelle.
Når SINTEF utarbeider tekniske godkjenningar for overflate- og kledningsprodukt, ser vi at sjølv ikkje dei som testar, veit kva for informasjon dei som prosjekterer, faktisk treng.
Til dømes hender det at laboratoria ikkje skriv kva for underlag prøvinga og klassifiseringa gjeld for i klassifiseringsrapporten, eller dei oppgjer informasjonen på ein annan måte enn det standarden krev. Og, for å gjere forvirringa komplett, så hender det at dei ulike testlaboratoria oppgjer informasjonen ulikt, eller tolkar reglane for rett bruksområde i standarden ulikt. Til dømes så kan kravet til densiteten for underlaget tolkast ulikt, slik at ein produsent får klassifisering på alle underlag med minst klasse A2-s1,d0 medan andre får avgrensa til underlag med minst klasse A2-s1,d0 med densitet minst 650 kg/m3. Det resulterer i at eitt produkt kan brukast på både mineralull og gips, medan det andre berre kan brukast på gipsplater og andre underlag med høg densitet. Holrom i oppbygninga kan også påverke klassifiseringa, og må takast med i prøvingane dersom produktet kan monterast med holrom bak.
Ei anna utfordring er at CE-merking og ytingserklæring som dei fleste byggeprodukt må ha, ikkje gir naudsynt informasjon om kva bruk klassifiseringa gjeld for. Då er erklæringa til liten hjelp.
Dei som skal bruke produktet, må rett og slett kontakte produsent eller leverandør for å sjekke, men då vert det fort tidkrevjande å skulle samanlikne og velje produkt.
Korleis kan vi oppnå riktig branntryggleik i bygga våre?
Så, kva kan dei som produserer og leverer byggeprodukt gjere for å sikre rett informasjon om materialane? Og kva kan dei prosjekterande og dei som byggjer gjere for å oppnå riktig branntryggleik i bygningane?
Produsentar og leverandørar må ta på seg eit større ansvar for at produkta dei leverer vert brukt riktig. Fyrst og fremst er det viktig at dei kjenner til prøvemetodene og klassifiseringsstandardar, slik at dei kan stille krav om riktig og utfyllande informasjon i dokumentasjonen frå dei som testar og klassifiserer produkta. Det er også viktig for at dei skal kunne gjere relevante og riktige val av prøveoppsett før testing av produkta, og gi riktig informasjon om bruken av produkta. Val av prøvelaboratorium er også viktig. EGOLF er ein medlemsorganisasjon for brannlaboratorium i Europa, og jobbar blant anna for lik tolking av prøvemetoder og utføring av branntestar. Dei har ei oversikt over sine medlemslaboratorium på heimesida www.egolf.global.
Monteringsanvisningar eller andre dokument frå produsent og leverandør bør innehalde naudsynt informasjon for riktig bruk av produkta, slik at ein faktisk oppnår oppgitt branneigenskap for produktet slik det vert brukt i bygningane.
I tillegg bør krav til innhaldet i ytingserklæringar i høve til byggevareforordninga endrast, slik at dei også må innehalde viktig informasjon om forutsetningane som ligg bak dei eigenskapane som er oppgitt i erklæringa. Her kan både SINTEF og byggevareprodusentar påverke regelverket.
Produsent eller leverandør kan også søkje om anna produktdokumentasjon, til dømes SINTEF Produktsertifikat eller SINTEF Teknisk Godkjenning. Produktdokumentasjon frå SINTEF inkluderer vurderingar av prøveresultata, samt forutsetningar for å oppnå oppgitte branneigenskapar ved bruk. Teknisk Godkjenning gir også informasjon om korleis produkta kan brukast riktig for å tilfredsstille TEK17.
Dei som prosjekterer og byggjer, må kjenne til klassifiseringsstandardane og korleis bruken av ulike produkt kan påverke branneigenskapane. I tillegg må dei stille krav til produsentar og leverandørar om riktig og utfyllande produktdokumentasjon, og forutsetningar for konstruksjonsoppbygning som ligg til grunn for brannklassifiseringa. Prøverapportar og klassifiseringsrapportar er som regel ikkje tilgjengelege, og dermed må ein grave og mase litt for å få den naudsynte informasjonen.
Det er viktig å hugse på at det er produsentar og leverandørar som har dei beste forutsetningane for å kjenne produkta sine og korleis dei bør brukast. Dei bør difor sjå sitt ansvar her, og gi riktig og naudsynt informasjon om sine produkt.
Ytingserklæring |
||
Produkt: Produktnamn Produsent: NN Tilsikta bruksområde: tetningsprodukt på rull, vindsperre til bruk på vegg |
||
Harmonisert produktstandard: EN 13859-2 | ||
Typiske eigenskapar | Verdiar | Standard |
Eigenskap ved brannpåverking 1) | B-s1,d0 | EN 13505-1 |
Eigenskap ved brannpåverking 2) | D-s2,d0 | EN 13505-1 |
1) Montert direkte på mineralull
2) Montert direkte på eit underlag med minst klasse D-s2,d= og med densitet minst 337 kg/m3, til dømes trefiberbaserte plater eller gipsplater
Eksempel på ytingserklæring med fotnote om kva underlag klassifiseringa gjeld for.
Tekst: Kathinka Leikanger Friquin. Innlegget vart først publisert på bygg.no.